Sjusete Skisenter har i oppgåve å køyre løyper til bruk i treningar, konkurransar, fritid og ålmenn nytte. Løypene er lagd opp kring skistova og det er i hovudsak 3 traséer. Lysløypa på 5 km, Alkleiv-løypa og Kjosås-løypa. Her finn du kart over 5 km’eren med dei ulike inndelingane av ho:  Loypekart Sjusete 2015

Det er GPS-tracking av tråkkemaskin på skisporet.no. Last ned appen skisporet og få status for løypekøyring rett på mobiltelefonen! IPhone Android (Det er ikkje GPS-sporing ved tromling av løypa, men da vert opplyst på nettside/facebook)

I vekedagar vert løypar preparert for bruk innan kl.10.00 kvar dag, og lysløypa og turløypa til Kjosås vert prioriterte. Ved dei fyrste snøfalla vert da prioritert å få etablert ein god såle i sjølve lysløypa og ved standplass!

Lysløypa med tilhøyrande område vert preparert til kl.17.00 ved treningar/serierenn (måndag, tysdag og torsdag). Med tilhøyrande område meinast standplass m/strafferundar, området rundt skihytta, leikområdet ved garasjen og myra nedanfor skihytta.

I helgar skal alle løyper i hovudsak vera preparert for bruk innan kl.10.00, der turløypane vert prioritert først ved vanskelege snø-og vértilhøve. Lysløypa med tilhøyrande område kan verta preparert til eigne tider i samband med renn.

Ved større snøfall vil alle løyper verta kjørt til dei tider som gir best langsiktig kvalitet på løypane (vert opplyst på nettsider/facebook)!

Gi oss gjerne tilbakemelding knytt til løypar og løypekøyring på e-post til skisenter@sjusete.com