LikarSundag, 23.11 passerte med 200 «Likarar» på Facebook sidane våre. 25.11 i fjor passerte med 100 «Likarar». Det er med andre ord ei dobling i tilhengarskaren til klubben på eit år. Kanskje ikkje i Noregstoppene av Facebook sider, men likevel eit monaleg framsteg. Me ynskjer å halde medlemmar og andre interesserte oppdaterte med nyhende. Difor nyttar med både nettsider (www.sjusete.com) og Facebook til å kringkaste aktuelt stoff. Merk deg at all nyhende som vert publisert på heimasidene vert deretter automatisk publisert på Facebook. Facebook vert dermed ei «alarmklokke» for nyhende om klubben og anlegget. Du må gjerne hjelpa til med å fremme Facebook-sidene våre til dei du meiner bør få informasjon om klubben og skisenteret.

PS. «Likar» nummer 200 vart Karen Børve – få kjenner Sjusete som ho. Me tek det som eit teikn på at ho likar det ho ser!