Vinteren nærmar seg og styret i Sjusete skisenter har ikkje lagt på latsida. I år har det vore jobba flittig med å rehabilitere og utvikle Sjusete skisenter!
Skibrua har vorte rehabilitert med nye ståldragarar, nytt dekke og nytt høgare rekkverk. Takk til Bjørn Øyri med gode hjelparar!
Ved skihytta er me no igang med eit nytt 10 meter langt kaldtbygg. Bygget vil få to tette vegger og to vegger med tett rekkverk i halv høgde. Det nye bygget vil få utsyn mot mål og startområdet. Tanken er at dette bygget kan nyttast til smørjing og premieutdeling under renn, og elles nyttast som tilholdsstad ved dårlig vér. Sålen er no støypt og bygget vert satt Botnen Entreprenør før vinteren kjem.
På skytebanen har det vore jobba i heile år med forskaling, muring og tilrettelegging for bygningsmasse. Alt dette arbeidet vert drive fram av ein dugnadsgjengen Leif Mo, Sigve Mo, Geir Børve og Olav Tufteland. Bygging av eit varmtbygg er no starta i søndre ende av standplass og setjast opp av Kvammabygg før sesongstart. Me har også også gått til innkjøp av 22 kulefangarar som skal samle opp bly frå skyteskivene på standplass.