Unge skiløparar i Kvam LSK som trenar klassisk!

Likar du å gå klassisk, men misikar å smørja? Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb er oppteke av skiglede og ynskjer å fremja denne gjennom å få folk mest mogleg ut på både skøyteski og klassiskski. Å spare tid i ein hektisk kvardag er noko einkvar set pris på. Skifolket har difor lagt sin elsk på ski som krev minimalt med førebuingar, noko som i mange år har kome skøytestilen i langrenn til gode. Dei som har villa hatt lite førbuingar og har sverga til klassisk stil har då ofte enda opp med smørjefrie ski. Variert aktivitet gjennom både stilartar gir god mosjon og kan gi endå større skiglede! Dei siste åra har det vore ein revolusjon innan typen felleski eller skinski noko som me trur kan gi klassisk stil ei ny vår . Men kva skiljer felleski frå smørjefrie og smørbare ski?

Medan smørjefrie ski har vore i marknaden lenge så er felleski relativt nytt. Også dei er smørjefrie, noko som kan bidra til forvirring rundt omgrepa. Den viktigaste skilnaden er; smørjefrie ski fungerar best rundt nullføre, medan felleski fungerar rimelg bra på dei fleste føre. Er det det me kallar blått føre med fleire minusgradar og tørr finkorna snø, fungerar tradisjonelle ski med blå Swix fortsatt best, men felleskia henger greit på dette føret også og det er ikkje noko smørning som slitest av under skituren. Men uansett skiføre tør me å påstå at dørstokkmila vert kortare for dei fleste med felleski eller smørjefrie ski, når du berre kan ta skia med deg og leggja ut på tur uten særlege førebuingar. Ein enklare og raskare veg til skiglede!

Integrerte feller under skia!

Den fysiske skilnaden på felleski og smørjefrie ski

Før ein tek avgjerda med å gå til innkjøp av felleski eller smørjefrie ski er det lurt å vita litt om den fysiske skilnaden på desse skitypane. Me har fått Geir Mo hjå vår trofaste sponsor Mo Sport i Norheimsund å forklare skilnaden:

Felleskia er på mange måtar ei tradisjonell klassiskski i spennkurve, med integrerte feller under. Dette gjer at du fortsatt får god glid utan lyden smørjefrie ski gir i nedoverbakkar. Felleskia har eit slags integrert «teppe» innfelt under. Dette vil bli utslitt etter ei tids bruk, men held i fleire hundre kilometer. Avhengig av kor skarpt føre dei blir brukt på.

Smørjefrie ski har riller under skia der festesmørningen normalt ville vore, men spennkurven på smørjefrie ski er generelt litt mjukare enn på tradisjonelle ski og felleski, noko som set mindre krav til teknikk for å få feste. Ved normal bruk vil ikkje rillene slitast noko særleg og skia vil halde lenge, om rillene blir slitt ned kan ein ikke gjera noko for å retta opp i dette som på felleskia.

På tur til Allkleiv med felleski!

Vedlikehald

At smørjefrie ski og felleski gjer kvardagen for dei skiglade enklare er det ikkje tvil om, men litt arbeid med skia må ein kunne forventa. Begge skitypane tek opp skit/smuss og klister frå skisporet, så det kan vera lurt å investere i ein skirens som kan fjerne dette. For felleski kan det og vera aktuelt å rensa fellene. Fellene kan og tørka ut etter ei tids bruk så det finnes produkter som enkelt kan smørjast på for å gje betre glid, og hindra ising.

Ved rens/smøring av feller på felleski er det viktig å bruka spesialprodukt som ikkje løyser opp limen som festar fellene under skia.

 

 

 

Det er anbefalt å få bytta utslitte feller i ein sportsbutikk, men nokre modellar hjå produsenten Atomic kan ein skifta ut sjølve då fellene er festa med magnet. Det er elles svært viktig at skia blir tilpassa skiløperens vekt og ferdighetsnivå, dette for å få betre ski med hensyn til feste og glid.

Sjølv om det i klassisk stil er feste som er det viktigaste, bør ein ta vare på gliden på skia. Her skiljer ikkje dei ulike typane klassiskski seg ifrå kvarandre. Eit godt tips er å mette sålen med glider før skisesongen startar og følgje med undervegs. Når sålen begynner å bli «tørr» eller får ein «gråkvit» utsjånad er det på tide å smørja. Det er produkter på marknaden som enkelt kan smørjast på i glidsonen, men er du ute etter grei glid som skal halde seg lengst mogleg er innsmelting av glider med smørejern å anbefale. Men hugs å fjerne overflødig glider med sikling og børsting.
I tillegg bør det legges en beskyttelsesvoks på glidesonen etter endt sesong, slik at sålen ikke tørkar ut.

Smørjing kan ofte vera utfordrandre i ein normal vestlandsvinter rundt 0 grader!

Kva ski skal ein velja?

Alle større skiprodusentar som Mashus, Fischer, Salomon, Rossignol og Atomic har no kome med fleire ulike modellar av felleski, imens utvalget av smørjefrie ski har vore stabilt. Dei fleste produsentane har og modellar for born/junior.

Det er idag eit rikt utval av felleski og smørjefrie ski!

Geir Mo presiserar at det er særs viktig er å finne eit par felleski og smørjefrie ski som er utmålt på di vekt/ferdigheitsnivå. Her kan ein ikkje kan justera smørjesona som på ei tradisjonell klassisk smørjeski. Mo Sport og andre spesialbutikkar har utstyr for å måle nøyaktig spenn i kvar einskilde par ski dei selger, noko som er tryggare enn å kjøpa ski med eit påstempla intervall for vekt på skiløpar frå fabrikken. Får ein ski som gir eit optimalt forhold mellom feste og glid vert skigleda større!

Fleire av modellane av felleski kjem også med justerbar binding, noko som kan vera greit å ha om ein ynskjer å justera imellom forholdet feste/glid.

Mo Sport i Norheimsund har lang erfaring med felle- og smørjefrie ski og vil kunne hjelpa deg å finna rett ski med bakgrunn i høgde, vekt, teknikk og ambisjonsnivå!