Til medlemmene i Kvam Langrenn og skiskyttarklubb

Innkalling til årsmøte for Kvam Langrenn og skiskyttarklubb, og Sjusete Skisenter 2021
Styret kallar med dette inn til årsmøte i Kvam Langrenn og skiskyttarklubb og Sjusete Skisenter.
Årsmøtet vert halde 21. april kl: 19:00 på Sjusete Skisenter. Det kan også bli aktuelt å gjera møtet digitalt, eventuelt at det vert ein kombinasjon av fysisk og digitalt møte. Dette vert avgjort når møtet nærmar seg i høve til gjeldande smittevernsreglar på gjeldande tidspunkt.
Saker som ein ynskjer å ta opp på årsmøtet må sendast til styret seinast to veker før årsmøte Saker kan sendast til kvamlsk@hotmail.com innan 7. april.
Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil bli gjort tilgjengeleg for medlemma seinast ei veke før årsmøtet. Sakslista vert lagt ut på på nettsida vår, på Facebook og på Spond.
For å ha stemmerett og kunna verta valt til verv må ein ha vore medlem av Kvam LSK i minst ein månad, fylla minst 15 år i det kalenderåret årsmøtet vert halde, og ha gjort opp sine økonomiske plikter til Kvam LSK. Alle medlem har uansett møterett, talerett og forslagsrett.
For meir informasjon om årsmøte samt regler om stemmerett, val, forslagsrett mv., sjå Kvam LSK sine retningslinjer. Har du spørsmål som gjeld årsmøtet, ta kontakt med leiar Frode Måkestad. På telefon 90158817 eller kvamlsk@hotmail.com.

Velkomen til årsmøte!
Med venleg helsing
Styret

 

Saksliste oppdatert 10.04.2021

Årsmøte Kvam LSK og Sjusete Skisenter Saksliste :
 
1. Godkjenna dei frammøtte representantane.
2. Godkjenna innkalling, sakliste og forretningsorden.
3. Velgje dirigent, skrivar, samt to representantar til å underskrive protokollen.
4. Årsmeldinga Sjusete Skisenter
5. Økonomi / Budsjett Sjusete Skisenter
6. Årsmelding Kvam LSK
7. Økonomi Kvam LSK
8. Innkomne saker :
1. Auke styret med 1 medlem.
 
9. Val :
a. Leder og nestleiar.
b. styremedlemmer og varamedlemmer.
c. Kasserar
d. Valkomité med leder, to medlemmer og et varamedlem.