Me har fått treningstid i Norheimsund Idrettshall kvar onsdag. Første trening vert onsdag. 11. september. Frå 18:00-19:00 er det basistrening for dei yngste (tom 12 år) under leiing av Oddvin Aksnes. Frå 19:00-20:00 leiar Thomas Mælen treninga for dei eldste. Basistrening er morosam og viktig for å skaffa seg eit godt grunnlag for sesongen. Her er det berre å bli med og kome i gong. Det er ikkje lenge til snøen kjem. Vel møtt!