Snøen har vist seg på Sjusete for første gong denne sesongen. Det er dessverre pr i dag (24. nov) ikkje kome nok snø til å køyre opp skikkelege løyper enno, men me vil varsle om det her på heimesida straks løypene er klare. Det er likevel no på sin plass å informere om endringar som er gjort på Sjusete, før vinteren skikkeleg inntek løypene våre.

  1. Den nye skiskyttarstadionet vår er på det næraste klar, det gjenstår no berre litt småarbeid før resten av blinkane, og nye og betre sidevern er på plass.
    .
  2. Plasseringa av standplass i løypenettet vårt, har gitt oss ein del utfordringar når det gjeld fartsretning. Det er viktig for oss å få til eit system som fungerer både til kvardags i trening og mosjonering, og i konkurransesituasjonar både for langrenn og skiskyting. Me prøvde difor i fjor å gå motsett veg i 1 km-trasèen inne på stadion, og hausta delte erfaringar. Komande vinter prøver me difor å gå tilbake til den gamle, innarbeidde fartsretninga.
    .
  3. Me held på å montere kortterminal ved innkøyringa til parkeringsplassen, (ved same tavla der betalingskassen er montert). Det skal dermed vere råd å kjøpe både dagsparkering og årskort her. Kvittering for årskort kan ein byta inn i det vanlege plastbelagte årskortet til å ha i bilen. Me kjem tilbake med meir informasjon om dette når terminalen er montert og programmert.
    Satsar for årskort vert uforandra, medan dagsparkering vert sett opp til kr 60,-. Kafèen vil også vere betjent med terminal, og me håpar dette vil frigjere mykje dugnadsarbeid som dermed kan setjast inn i andre stadar på Sjusete.
    .
  4. I 2008 anla me turtrasèen til Alkleiv og Brotteli, samstundes med at me fekk i stand ein femårsavtale med dei berørte grunneigarane. Før den tid blei det kjørt løyper på årvisse, munnlege avtalar.
    Femårsavtalen gjekk ut i år og nokre grunneigarar varsla i fjor, i tråd med avtalen, at dei ikkje kom til å fornye denne, og me kan no stadfeste at me dessverre ikkje har nådd fram med forsøk på fornying. Dette medfører at me i vinter er avskorne frå å maskinpreparere i dei aktuelle trasèane vest for lysløypa.
    Me skulle gjerne ha utnytta det påkosta løypenettet i det flotte terrenget ei stund til, men me er likevel takksame for den tida me trass alt har hatt i området.
    I år kjem me til å preparere dei andre trasèane som vanleg, og vurderer fortløpande å laga enkle avgreiningar som kompensasjon for tapet av Alkleivstrasèen dersom sjansen byr seg.

Mvh
Styret
Sjusete Skisenter