Kvam LSK har fått stor påmelding (72 stk.) til vår nystarta idrettsskule for born fødd i 2005-2010, og me har no starta planlegginga av aktivitetar etter ordinær skileik og skitrening på årsplanen.
Nokre aktivitetar i årsplanen skal gjerast i samarbeid med andre idrettsklubbar/organisasjonar, men alle krev minst ein instruktør/trenar frå Kvam LSK. Tanken er til dømes at Strandebarm IL stiller med friidrettstrenar for ei gruppe som skal ha friidrett, men at Kvam LSK stiller med minst 1 stk. hjelpeinstruktør for å ha kontroll på gjengen og hjelpe til med logistikk under treninga. Ved akiviteter som klubben skal gjennomføre i sin heilhet treng me minst to personar der den eine er hovudinstruktør og dei andre hjelpeinstruktør. Med andre ord kan ein bidra utan å følgje gruppa gjennom heile året, men vi treng også ein som kan ha overordna ansvar per gruppe.
Grunna stor påmelding i årskulla 2009-2010 vert denne gruppa delt i to etter fødselsår. Gruppane i 2017 kan maksimalt bestå av 20 born, så det er berre nokre få plassar att dersom fleire ynskjer å vera med.
Me kaller inn til eit planleggings-/informasjonsmøte blant potensielle trenarar og hjelpeinstruktørar onsdag 22. februar kl.1800 i skistova på Sjusete. Dette er IKKJE eit generelt foreldremøte om idrettsskulen, då dette kjem seinare.
Lurer du på om du kan bidra så møt opp, du seier ikkje ja ved å møte opp å høyre på kva me tenkjer 🙂 Lurar du på noko før møtet så ta gjerne kontakt! Me set pris på om du gir tilbakemelding (til e-post toffis@icloud.com) om du kjem på møtet slik at me veit kor mange som kjem.
Kvam LSK set seg mål om å gi både trenarar og hjelpeinstruktørar best mogleg føresetnader for å gi ungane gode opplevingar på våre aktiviteter, så dersom nokon ynskjer/treng kurs i aktivitetsleiing for born vil me strekkja oss langt for å få dette til.