
Anders og Hanna nullet alle blinkane og sikra seg kvar sin vandrepokal!
Finalen i serierenn i skiskyting og Kvammameisterskap samla 21 deltakarar i ettermiddag på Sjusete. Her var det frisk satsing i løypene. kontrollerte avtrekk på standplass og ikke minst god stemning i kaféen etter på. Der var det premiering over en lav sko til flinke løparar. Vandrepokalar frå Botnen Entreprenør og Per Augestad for beste skyteresulat 13 år og eldre gjekk til Hanna Børve og Anders Aalvik Stranden. Begge skaut fullt hus på begge skytingane! Me gratulerer alle med strålande innsats!

Standplass er eit sosialt liv med gode og tildels djupe diskusjonar. Særleg når den russiske nordflåten er representert!

Torgrim og vetle guten trivs på kafé

Heile Laupsa Mo slekta er på plass

Kafégirls skin om kapp med sola

Eirin, Mari og Randi kosar seg

Hanna Børve gjekk eit knalløp

Flott vinterkveld på Sjusete

Anders, Tor, Hanna, Eirin og Malin er godt nøgde med premiane

Randi og Mari er i storslag

Thea, Eigil, Isak og Frede er flotte rekruttar

Flinke gutar og jenter har tommelen opp for Kvam Lsk

Anders får god støtte av leiaren

Thea er klar til start

Eigil lurer på kor månge sekundar det er att til start!

Tidtakaren over alle tidtakarar, Jostein Auganæs, gjev instruksjonar til startarane

Flotte damer tok tak i starten!

Me har fått eit flott skiskyttaranlegg på Sjusete!

I tillegg har me flotte funksjonærer – Anita, Anita og Nils Eivind stiller alltid opp med smil om munnen!