Styret i Kvam LSK treng ein ny leiar ettersom dagens leiar ynskjer å gå ut av styret.
20. april er det årsmøte, og innan den dato bør valnemda ha fått på plass kandidatar slik at årsmøte kan velja ein ny leiar.
Som leiar vert du valgt inn for 1 år. Med deg har du eit godt og kompetent styre som kjenner drifta og sørger for at klubben kan tilby renn, skileik og andre aktivitetar på Sjusete. Styret sørger for at aktivitetene kan gjennomførast med bruk av dugnadslister.
Leiar treng ikkje ha vore i styret tidlegare. Leiaren skal ha oversikt, sørge for framdrift og at klubben vert driven ihht. til årsmøtet sine vedtekter, samt lover og reglar.
Som leiar kan ein vera med å påvirka korleis drifta av klubben skal vera i framtida.
Klubben er avhengige av at foreldre og andre stiller opp. Utan ein leiar kan ikkje klubben bestå, og me håpar å unngå å koma i den situasjonen at me ikkje lenger har eit aktivitetstilbud på Sjusete.
Er du vår nye leiar? Ta kontakt med valnemda på kvamlsk@hotmail.com