Det nye styret i Kvam LSK har alt hatt sitt første styremøte, og arbeidet med å førebu neste sesong er godt i gang. – Me legg opp til å ha møter ein gong i månaden for at me skal få ein god start på arbeidet i styret, seiar den nye leiaren Tom Rasmussen. Det er mykje å sette seg inn i og ting skal organiserast og planleggjast for komande sesong. Då kjem det godt med at styret er sett saman av flinke folk med allsidig kunnskap og røynsle frå både langrenn og skiskyting og mykje meir, fortel Tom. Styret ønskjer å utvikle klubben til beste for alle kategoriar medlemer. Då treng me innspel frå medlemene om kva som kan få Kvam LSK til å bli ein endå betre klubb. Har du meiningar om rekruttering, trening, renn, arrangement, kommunikasjon med medlemene eller anna, så set me i styret stor pris på å høyre frå deg.