Heilårskort 2015Kva med å gje ei gåve som kan nyttast året rundt og som både er sprek og sunn? Med eit nytt heilårsanlegg, introduserer me eit løype- og parkeringskort som du kan nytta året rundt. Då er du ôg med på å støtte opp om drifta og utviklinga av anlegget og aktivitetane på Sjusete! Det er nett som Kinder-egg; 3 ynskje på ein gong!

Prisar for løype- og parkering 2015 er:

Årskort             kr. 1.000,- (tidsrom 1.11 – 31.10)

Sesongkort      kr.    800,- (tidsrom 1.11 – 30.04)

Dagskort          kr.     60,-  (tidsrom 1.11 – 30.04)

Dagskort          kr.     40,-  (tidsrom 1.5 – 31.10)

Det er Sjusete Skisenter og Kvam LSK som har opparbeid, utvikla og driftar parkeringsplassen og løypenettet inklusiv den nye rulleskiløypa og 3 km tur-/joggeløypa. Me jobbar dugnad for å dekkja utgiftane til drift og til aktivitet, men er heilt avhengig av inntekter frå sal av løype- og parkeringskort for å oppretthalde tilbodet. Difor vonar me om at alle har ei positiv haldning til avgifta – sommar som vinter

Nyheit! Betalingsautomat installert ved starten av P-plassen

No kan du betale med kort og kjøpe løype- og parkeringskort i automaten som er plassert med ein gong du kjem inn på parkeringa på Sjusete.

Løype- og parkeringskorta kan hentast på Mo Sport, Kvam Elektro eller i kafèen i Skistova i opningstida. Hugs å ta med kvittering frå automat når kortet skal hentast. Årskort, sesongkort eller kvittering for dagskort leggast synleg i frontruta på bilen for kontroll.

Det er ôg mogeleg å kjøpe sesongkort kontant på Mo Sport, Kvam Elektro eller i kafèen i Skistova.