ER DU DEN RETTE FOR OSS – ME TRENG TIDTAKARAR OG SPEAKER?

Kvam LSK står ovanfor eit generasjonsskifte i tidtakarbua på Sjusete og me ynskjer oss nye tidtakarar og ein eller fleire speaker!

Viss du kan bak-fram på ein data og likar å telje sekundar, så egnar du deg som tidtakar. Likar du derimot limerick som Carlsen, så er du den fødde speaker. Du vil få god opplæring, halda deg varm og tørr under renna, og sjølvsagt plenty med godsaker frå vår kafè om du vil jobba i tidtakarbua på Sjusete 🙂

Det er snakk om 10-12 renn vinterstid og 2-3 renn laup vår og haust. Me ynskjer å rekrettera fleire slik at ein kan dele på oppgåvene gjennom sesongen. Kvam LSK nyttar tidtakingssystemet EMIT-EQ-timing og leverandør av systemet vil koma å halde opplæring for dei nye tidtakarane.

Nysgjerrig? Interessert? Ta kontakt med nestleiar i styret Torgrim skår på tlf 952 44 484 eller e-post torgrimskaar@hotmail.com så får du vite meir!