I 2018 starta me opp med bytedag for skiutstyr og skiklede, og sundag 18. november kl.17:00 gjentar me suksessen på Norheimsund skule. Det er flott om folk kan få mest mogleg igjen for pengane sine i kvardagen. Difor ynskjer Kvam LSK å skape ein god arena for kjøp og sal av brukt utstyr og klede. Kvam LSK arrangemerer bytedagen for at terskelen for å drive med ski skal verta lågast mogleg. I tillegg er gjenbruk bra for både miljø og kvardagsøkonomien. Ein vinn-vinn- vinn situasjon rett og slett.
På bytedagen har du moglegheit til å byta, selja og kjøpe brukt skiutstyr og skiklede! (Gjeld både langrenn og alpint!) Har du brukt utstyr som andre kan ha glede av, bør du ta turen for å selge dette. Dette er eit viktig arrangement for å dempa utstyrsjaget innan skisporten som stadig vert omtalt i media. Kvar einskild står sjølv ansvarleg for salet. Kvam LSK stiller med lokale, bord, storleikstabellar og utstyr for prising.
For å gi oss ein peikepinn på kor mange som kjem hadde vi satt pris på om de merka av «deltek» under basaren sitt facebook-arrangement via lenkja –https://www.facebook.com/events/293632617893860