På Voss er det snø i Herresåsen og på sundag er det klart for Viljarrennet. Kvam LSK inviterer alle unge medlemmar til å delta på Viljarrennet i klassisk stil sundag 12.januar.

Rennet startar kl.13:00, og det vert konkurrert i jente- og guteklassar frå og med 8 år (Rangering frå og med 11 år). Sjå link til under for meir informasjon om rennet. Me vonar mange vil prøva seg på kretsrenn i langrenn 🙂

http://www.viljar.no/images/stories/Filer/skigruppa/2014/viljarrennet2014invitasjon.pdf

Det er eit føremon å melda seg på førehand Etterpåmelding renndagen er likevel mogeleg fram til kl.12:00. Treng du hjelp til påmelding, kan du kontakta Thor-Arvid Pedersen på e-post (thorarpe@broadpark.no) eller tlf. 932 04 417 innan torsdag 9/1 kl.1800, men de kan også ordna dette sjølve gjennom www.minidrett.no (Frist 9/1 kl.2359).

(Min Idrett er din personlege idrettsside på internett kor du bl.a. kan sjå kva slags opplysningar som er registrert om deg og dine born, vedlikehalde opplysningar om deg sjølve og dine born. Der kan du også registrera deg som ny brukar.)