Både Hordaland skiskyttarkrins og Hordaland skikrins arrangerer kvar sommar og haust samlingar for treningsvillige ungdommar rundt om i Hordaland. På slike samlinger er alle utøvarar er velkomne, og det vert varierte og utfordrande treningsøkter samt mykje sosialt!
Kvam LSK ynskjer å stimulere til at flest mogleg frå klubben deltek på slike samlingar, og styret har vedtekne at alle får dekke påmeldingsavgifta til samlingar i regi av dei to krinsane denne sesongen.
Under finn du oversikt over dei ulike samlingane i haust/vinter:
- Langrennsamling på Stord 1-3. september (2002-2005)
- Jentesamling skiskyting i Vik 8-10. september (2002-2005)
- Haustsamling for alle skigreiner på Voss 15-17. september (2002-2006)
- Skiskyttarsamling i Hålandsdalen 30. september – 1.oktober (2002-2005)
- Jentesamling langrenn på Totland (Bergen) 1-3. november (2002-2005)
- Snøsamling skiksyting i Myrkdalen 15-17. desember (2002-2005)
Det vert lagt ut invitasjon til samlingane i oktobober-desember cirka ein månad på føreband på dei respektive krinsane sine heimesider.