Me tek opp att suksessen frå tidligare år og arrangerer samling for alle medlemmer i Kvam LSK på Geilo helga 8-11. desember. Tilbodet gjeld for alle medlemmer i Kvam LSK. Eit sportsleg og sosialt tiltak for heile familien. I år har me fått med oss Kristin Sande og medelevar frå NGT til skytetreningane. Langrennstreningane vert leia av Gunn Hilde Øymo og Amund Leiren med hjelparar. Det er langrennsøkter for både born og vaksne 😉
Dette blir ei helg der trening og sosiale opplevingar for heile familien står i fokus. Hovudformålet med samlinga er å gå på ski og har det kjekt ilag som klubb.
Sjekk vedlagte invitasjon for meir informasjon om samlinga, prisar, program og påmelding. Det vert program frå fredag formiddag, men det er ikkje noko problem å kome til Geilo fredag ettermiddag.
Litt bilete frå tidligare år på Geilo: