Kvam LSK har igjen fått høve til å tjena gode pengar under sykkelrittet Bergen-Voss. I år som i fjor vert det pit-stop og time-out for deltakarane på torget i Norheimsund. Me skal handtere matstasjonen og då treng me hjelp av deg!
Laurdag, 6. juni går det store sykkelrittet Bergen-Voss av stabelen. Bergen-Voss gjentek suksessen frå i fjor med matstasjon på kaien i Norheimsund. Dette for å gjera rittet litt meir som ein tur, for dei som ikkje må setta nye rekordar. Tidtakinga stoppar på toppen av Tokagjelet og startar igjen på Straumbrua. Syklistane får dermed god tid til fylle på med mat og drikke utan å tapa tid. Denne dagen vert det ein stor sykkelfest i Norheimsund sentrum.
Det er venta at mellom 2000 og 3000 syklistar kjem innom. Me har fått i oppgåve å servere vaflar, brødmat med syltetøy og fårepølse, bananar, sportsdrikk, kaffi og vatn. Klubben får 30.000 kroner i godtgjersle for arbeidet. Bergen Cyklelklubb held alle råvarene.
Me treng om lag 40 personer til denne dugnaden får kl. 08.00 og utover. Vaffelsteikarar, servitørar, «saftkokarar», kaffekokarar, ryddegutar og -jenter, osb. Det er venta at det er flest syklistar mellom kl. 09.00 og 11.00. Kl. 13.00 stoppar serveringa.
Me rullerar vaffelsteiking og servering slik at ingen må stå heile dagen å steika. Norheimsund næringslag riggar opp stand med telt, skaffar straum, vatn, m.m.
Me set opp dugnadsliste som vert delt ut til dei aktuelle innan kort tid. Vert du sett opp, men kan ikkje delta så må du finna andre i klubben eller familien som kan stilla for deg. Her kan både ungdommar, foreldre, naboar, tanter, onklar og besteforeldre delta.
Kristin K. Gjøsæter og Torgrim Skår vert koordinator for dugnaden. Dei ynskjer tilbakemelding frå deg om du har høve til å delta på denne festen på e-post: kristin.gjo@outlook.com. Du kan ôg kontakte dei på telefon: Kristin 907 22031 og Torgrim 952 44484