Bergen vossKvam LSK har fått moglegheit til å tjena gode pengar. Me skal betjene matstasjonen på sykkelrittet Bergen-Voss når det rittet gjer ein stopp i Norheimsund. Då treng me hjelp av deg!

Laurdag, 31. mai går det store sykkelrittet Bergen-Voss av stabelen. Bergen-Voss skal i år ha utvida matstasjon på kaien i Norheimsund. Dette for å gjera rittet litt meir som ein tur, for dei som ikkje må setta nye rekordar. Tidtakinga stoppar på toppen av Tokagjelet og startar igjen på Straumbrua. Syklistane får dermed god tid til fylle på med mat og drikke utan å tapa tid. Denne dagen vert det ein stor sykkelfest i Norheimsund sentrum.

Det er venta at mellom 2000 og 3000 syklistar kjem innom. Me har fått i oppgåve å servere vaflar, brødmat med syltetøy og fårepølse, bananar, sportsdrikk, kaffi og vatn. Klubben får 30.000 kroner i godtgjersle for arbeidet. Bergen Sykkelklubb held alle råvarene.

Me treng om lag 30 personer til denne dugnaden. 6 vaffelsteikarar frå kl.07.00 og utover + 25 servitørar frå kl. 08.00. Det er venta at det er flest syklistar mellom kl. 09.00 og 11.00. Kl. 13.00 stoppar serveringa.

Me rullerar vaffelsteiking og servering slik at ingen må stå heile dagen å steika. Norheimsund næringslag riggar opp stand med telt, skaffar straum, vatn, m.m.

Me set opp dugnadsliste som vert delt ut til dei aktuelle innan 25. april. Vert du sett opp, men kan ikkje delta så må du finna andre i klubben eller familien som kan stilla for deg. Her kan både ungdommar, foreldre, naboar, tanter, onklar og besteforeldre delta.

Ingunn Mo vert koordinator for dugnaden. Ho ynskjer tilbakemelding frå deg om du har høve til å delta på denne festen på e-post: ingunnmo@hotmail.com. Du kan ôg kontakte Ingunn på telefon 997 38755