Grasrotandelen gir deg som spelar moglegheit til å avgjera kven som skal ta imot noko av overskotet til Norsk Tipping. Kvar gong du spelar kan du velja å støtta det laget eller den foreininga du meiner fortener det mest. Dei siste åra har denne ordninga gjeve klubben rett over kr. 30.000,- i snitt i grasrotandel. Dette set me stor pris på og oppmodar også deg til å støtta oss i Kvam LSK.

For å verta grasrotgjevar må du vera kunde hjå Norsk Tipping.

Ved spel hjå Norsk Tipping vil inntil 5 prosent av spelinnsatsen gå direkte til din grasrotmottakar, og best av alt, verken innsats, premie eller vinnarsjanse reduserast.

Grasrotandelen gjeld for alle Norsk Tippings spel, bortsett frå Flax, Extra og Belago.

Gjennom å vera grasrotgjevar er du med på å oppfylla små og store draumar for din grasrotmottakar.

Du kan verta grasrotgjevar for Kvam LSK på ein av følgjande måtar:
– Hos kommisjonæren
– Mobilspel
– Norsk Tipping sine nettsider
– SMS, send «Grasrotandelen 989893882» til 2020

For meir informasjon sjå www.norsk-tipping.no