Etter å ha utsett første forsøk, kallar vi no inn til årsmøte i Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb, samt Sjusete skisenter som har samanfallande medlemsmasse. Årsmøtet vil denne gongen bli gjennomført uansett, i tråd med dei reglane og retningslinjene frå styresmaktene som er gjeldande 19.mai. Dersom det då lar seg gjere å gjennomføre årsmøtet med vanleg oppmøte, vil det vere førsteprioritet. Alternativet blir eit digitalt årsmøte via Teams, noko som evt. vil kreve påmelding frå dei som vil møte. Vi oppdaterer informasjonen om dette når datoen nærmar seg.
Agenda:
– Årsmelding
– Budsjett
– Rekneskap
– Val
– Innkomne saker
Alle medlemmer over 15 år har stemmerett på årsmøtet, og kan senda inn forslag til saker.
Saker til årsmøte må meldast seinast 14 dagar før (5.mai). Saker til idrettslaget sendast til kvamlsk@hotmail.com, medan saker til Sjusete Skisenter sendast til jt-tveit@online.no
Stad og tid: Sjusete skisenter 19. mai 2020 kl. 19.00 – 21.00.
Vel møtt!