Kvam langrenn- og skiskyttarklubb tilbyr aktivitetar heile året. Alt frå idrettsskule i sommarhalvåret til skileik, skiskyting, serierenn og skitreningar i vinterhalvåret. Tilbodet gjeld born og unge i heile Kvam. Vinteraktivitetane har oppstart etter nyttår og varar fram til påske.
Idrettsskulen er eit tilbod heile året, der skileik og skitreningar er ein del av dette fram til våren.
Skileik er eit tilbod for born fødd 2014 – 2012 torsdagar kl. 18.00 – 19.00. Oppmøte er ved skistova. Skileik er eit tilbod for dei minste. Borna vert delt inn i grupper etter alder. Fokuset er skiglede saman med andre born, instruert av foreldre og andre.
Skitrening er eit tilbod for born fødd 2011 – 2008 tirsdagar og torsdagar kl. 19.00 – 20.00. Skitrening er eit tilbod for dei litt eldre. Borna vert delt inn i grupper etter alder. Borna får utvikle seg på ski med fokus på utvikling av teknikk og fysikk. Instruktørar er foreldre og andre. Det er lagt opp til klassisk trening på tirsdagar og skøyting på torsdagar. Det er frivillig om ein vil delta på begge treningane eller kun den eine.
Trening for ungdom fødd 2007 og eldre tirsdagar og torsdagar kl. 19.00 – 20.30. Ungdomstrening er eit tilbod for dei eldste gjennom heile året. Instruktørar er vaksne med høg kompetanse på ski og fysisk trening.
Serierenn i langrenn og skiskyting er eit tilbod for alle aldersgrupper. Dette er skirenn på måndagane i perioden januar – mars. Lengda på løypa er justert etter alder. Påmelding skjer på MinIdrett. Nytt av året er at alle born som deltar på serierenn må melde seg på innan fristen som gjeld for dei andre aktivitetane me tilbyr.
Skiskyting er for born som har gjennomført skiskyttarskulen. Ta kontakt om du er interessert.
Påmeldingsfrist for idrettsskule, skileik, skitreningar og serierenn er søndag 8. desember.
- For å melde på til idrettsskule, skileik og skitreningar sender ein e-post til kvamlsk@hotmail.com med navn og fødselsdato på bornet, og navn, epost og telefonnummer til foreldre. Husk å skriv om ein ynskjer enkeltmedlemskap eller familiemedlemskap i Kvam LSK.
- For å melde på til serierenn går ein inn på MinIdrett og melder bornet på der.
Les meir om prisar og treningsavgift her
For spørsmål, ta kontakt her
Vel møtt til ein aktiv og flott vinter på sjusete!