Kvam Langrenn og Skiskyttarklubb har fått kr. 100.000 i gåve frå Sparebankstiftinga Hardanger til tidtakarutstyr. – Den gamle klokka var utsliten. No har me rom for å skaffe oss eit tipp-topp tidtakaranlegg som gjer tidtaking enklare og meir presis enn før, jublar tidtakar Jostein Auganæs.
Måndag i denne veka var han og Kristin K. Gjøsæter til stades då Sparebankstiftinga Hardanger fordelte 2,15 millionar kroner på 16 lag og prosjekt i Kvam og Jondal. Jostein fortel at den nye Emit tidtakaranlegget er skreddarsydd for langrenn og skiskyting. Systemet er basert på eit brikkesystemet som særs mange arrangørar har i dag. Kvar løpar får festa på seg ein brikke som gjer at me registrerer tida elektronisk via dei målepunkt som er i løypa. Mange løparar har i dag eigne brikker. Me har kjøpt 100 brikker i tillegg som kan nyttas på renn for dei som ikkje har eigne. Det nye anlegget gjer det enklare med strafferundar i skiskyting ved at ein sensor registrerer at løparen har gått talet strafferundar som han/ho skal. I tillegg har me og kjøpt ein modul som gjer at me kan registrere skyteresultat direkte på standplass. Totalt er kostnaden med nytt tidtakarsystem i overkant av 200.000 kroner. Med denne tildelinga, tidlegare tildeling frå Sparebanken Vest på 50.000 kroner og eigne midlar er no tidtakarsystemet fullt ut finansiert. – Me har tatt eit stort steg inn i framtida med dette systemet, og me er særs takksame for at Stiftinga og banken hjelper oss økonomisk med å få dette til, seier Jostein.
Sparebankstiftinga Hardanger vart skipa i 2011 i samband med at Sparebanken Vest kjøpte Sparebanken Hardanger. Stiftinga skal fremja sparebankverksemd i tidlegare Sparebanken Hardanger sitt marknadsområde gjennom eigarskapet i Sparebanken Vest og disponera utbytte frå disse og andre plasseringar til ålmennyttige føremål. Stiftinga sitt føremål er å forvalta eigenkapitalbevis som stiftinga vart tilført som grunnkapital ved skipinga og å stå for eit langsiktig og stabilt eigarskap i Sparebanken Vest.